Kvifor Høgskulen i Volda
Kvifor bli lærar
Slik søkjer du

Kvifor L


Pedagogisk arbeid med barn og unge blir sett på som eit av dei viktigaste yrka i samfunnet, og høg kompetanse på dette området er svært etterspurd. Ved å velje profesjonsutdanning innan læraryrket arbeider du mot noko konkret heilt frå starten, samstundes som utdanninga gir solid kunnskap som kan brukast på mange andre måtar. Du vil vere kvalifisert og ettertrakta innanfor mange fleire yrke enn du trur.

Kvar dag møter du eit mangfald av menneske. Kvar dag blir du skjerpa og oppdatert. Kvar dag handlar om elevar som ler, elevar som græt, elevar som undrar seg, elevar som engasjerer seg - og elevar som engasjerer deg. Kvar dag sit det forventningsfulle menneske framfor deg som ønskjer å bli vaksne, som kan gå ut i verda og bidra med noko. Kvar dag har du som lærar ein unik sjanse til å påverke denne verda, gi ditt vesle bidrag.

 

Kvifor L2

 

www.hivolda.no

Get the Flash Player to see this content.