
I Volda har du tid til å gjere dei artige tinga. Til å oppleve den
spesielle stemninga under studentVEKA. Til å bli utfordra i Noregs
brattaste skikonkurranse under Vintersportfestivalen. Til å rocke
til musikk frå ei av Noregs beste scener. Til å ete sveler og
potetball i kantina. Til å engasjere deg i eitt av dei fleire
titals studentlaga. Til å få erfaringar og kunnskap du kan surfe
vidare på i framtida. Alt innan gangavstand.
Volda er hæla i taket og seriøst på same tid. Bustadprisane er
heller ikkje eit minus - i Volda har du råd til å vere
heiltidsstudent. Du får ein stor og god bustad til ein rimeleg
penge, og velferdsordningane for studentane er godt utbygde.
Den intime atmosfæren, den gode kontakten mellom lærar og student,
dei små avstandane og den tette og fruktbare koplinga mellom
høgskulen og kulturbygda Volda gjer at du lett får assosiasjonar
til klassiske europeiske
universitetsbyar.

www.hivolda.no