Draumehelg i Volda 20. - 21. mars
Vi inviterer deg til ei uforgløymeleg gratis draumehelg
ved Høgskulen i Volda 20. - 21. mars. Overraskingar og opplevingar
står i kø, og vi vil gjere vårt beste for å gi deg eit innblikk i
korleis det er å vere Voldastudent. Du treng ingen forkunnskap,
grip sjansen og meld deg på draumehelga i dag!
Fyll ut skjemaet og fortel kvifor DU fortener å bli med på
draumehelga!
Dei heldige vinnarane blir kontakta.
Under draumehelga byr vi deg på:
The Cumshots
Studenthuset Rokken har ei av landets beste scener. Vi
inviterer til heilaftan med gratis middag og konsert med Kristopher
Schau og The Cumshots, laurdag 20. mars.
Gratis reise og hotellopphald
Vi betalar reiseutgiftene dine, måltid og hotellovernatting.
Noregs beste studentmiljø
Våre studentar og lærarar ved lærarutdanninga viser deg
rundt på høgskulen og campus.
Opplev Sunnmørsalpane
Vi tek deg med til Sunnmørsalpane og her ventar ei
overrasking i puddersnøen!
Nettverksbygging
Du vil også her bli kjent med mange andre som også vil bli
lærar.
Alt dette på ein og same stad! Bli ein av vinnarane, meld deg på
i dag!
www.hivolda.no